Du er her:

  • Sogn og Fjordane
Naurvernforbundet Sogn og Fjordane

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane står på for miljøet, for å hindre inngrep og ureining av den flotte naturen vi har her i fylket, både fjell, fjord og alt imellom. Vi spreier innsikt og vernar utsikt, kjempar for biene, blomane, fuglane, mangfaldet, matjorda og gammalskogen. Nokon må snakke for naturen der gravemaskiner, gruveselskap, utbyggjarar og ukunne rår. Saman er vi sterke, difor samarbeider vi tidvis med m.a. Sogn og Fjordane Turlag, Oikos, Sogn og Fjordane Jeger og Fiskerforbund, Rom for ord og Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag (men då snakkar vi ikkje om ulv…)

Nyhende

Kystlotteriet trekking
Trekning av vinnarane

Kystlotteriet

07.11.2017

Vi har trekt dei første vinnarane i Kystlotteriet i Sogn og Fjordane. Ein av dei heldige vinnarane er Sunnfjord Folkehøgskule, som rydda plast og vann til saman 4 000 kroner. Skulen er knytt til Kamam Folk High School på Sri Lanka, som vart opna i 2014, og pengane vil gå til dette bistandsprosjektet. (Sjå foto nederst)

Kystlotteriet i sfj

Frå plastpant til Kystlotteriet

30.06.2017

JAAA. Vi har klart det! Det VERT ei permanent premiering for strandrydding i nesten heile Sogn og Fjordane i løpet av juli - om vi får med dei tre siste kommunane. OG; alle som har meldt inn strandryddeaksjonar i SUM-kommunane skal få panten sin.

Oljefri
Kommunehuset i Sogndal torsdag 1. juni k. 18.30 - 21.00

OLJEFRI I SOGNDAL

30.05.2017

Har du parafinkamin eller oljefyr til oppvarming? Du kan spare pengar på å gå over til fornybar energi og samstundes gjere ein miljøinnsats.

Strandrydding på Værlandet
Ekstramidlar til plastpant:

Ekstramidlar frå fylket

29.04.2017

I løpet av nokre få veker har Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane betalt ut 100 kroner pr sekk søppel, sanka på strender og andre stader.

02. mai kl. 18:00 - Flora Samfunnshus - kinosalen

Mindre søppel og betre miljø

27.04.2017

18.00: Filmen «A Plastic Ocean» 19.50: «I samme båt» v Børje Møster 20.15: «Zero Waste» v/Kristine Ullaland 21.00: Kvar står dei politiske partia i Flora kommune? Programleiar: Marit Bendz, fylkessekretær i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane

Viser fra 1 til 6 av totalt 192 artikler