Du er her:

Kronikk:

Forskning i Bakvendtland

Norsk naturforvaltning er bygd på nokre grunnleggande prinsipp som alle synes å vere einige om – i alle fall i festtaler, og det skulle berre mangle for prinsippa er nedfelt i Naturmangfaldlova. Eit av dei er kunnskapsbasert forvaltning.

 Sjølvsagt skal alle avgjerder vere bygde på kunnskap – og dess større eit inngrep er, dess meir kunnskap må ein ha om effektane av det. Vidare skal denne kunnskapen vere basert på uavhengig forsking – det er sjølvsagt ikkje utbyggar som får definere kva som er riktig, eller kva som trengs å forskast på. Kunnskap legg også grunnlaget for prinsippet om at beste tilgjengelege teknologi skal brukast. Veit ein ikkje nok, er det eit anna prinsipp som kjem i bruk - føre-var prinsippet. Sjølvsagt set ein ikkje i gang med prosjekt som ein er usikre på følgjene av. Skulle eit prosjekt likevel ha negative fylgjer er det klart kven som tek kostnadane av det – forureinar betalar - noko anna ville jo vore frykteleg urettferdig. I alle fall i teorien. Dessverre er praksis nokre gongar milevidt frå teori. Førdefjorden er eit godt eksempel på dette.

I framtidsfylket Sogn og fjordane er dei so heldige å ha ein fjord som er langt over gjennomsnittet rein og artsrik. Fjorden er heimen til mange trua artar, og dannar grunnlaget for store næringar innan reiseliv og sjømat. Ein skulle tru at denne fjorden var verdt å ta vare på for framtidige generasjonar i framtidsfylket – det fylket i landet med lavast arbeidsløyse.

Likevel ser vi no fjorden ofra på profittens alter, og alle forvaltningsprinsippa snudd på hovudet. Førdefjorden er allereie eit kroneksempel på kunnskapslaus forvaltning, der løyve har blitt gitt til å dumpe enorme mengder gruveavfall i fjorden – på tross av sterke faglege åtvaringar , og utan at det er kjent kva for kjemikaliar som vil bli brukt, kor finmala massen vil vere, eller kvar ein skal hente store mengder ferskvatn til utvinningsprosessen frå. Kvifor vere føre-var når ein kan dokumentere miljøskadane etter kvart? Og kvifor bruke internasjonalt anbefalte teknikkar som underjordsdrift, tilbakefylling og alternativ bruk av restmassane, når det tross alt er enklare og billegare å kappe toppen av eit fjell og dumpe det i fjorden? Det er jo alltids mogleg å stoppe drifta viss det viser seg at miljøskadane vart verre enn forventa, seier politikarane – og forvaltninga. Men vi veit jo alle kor vanskeleg  det er å stoppe eit prosjekt som først er kome i gong og som i alle fall enkelte krefter tenar pengar på.. Då er det mykje lettare å fire litt på krava, tillate litt større utslepp her, eit nytt kjemikalium der og eit øydelagt gytefelt for ein art på randa av utrydding. Viss ikkje vil jo folk faktisk miste jobben, og er det noko som er verre for ein politikar enn å sei nei til nye arbeidsplassar, må det vere å kutte eksisterande arbeidsplassar. Bit for bit kan eit eventyr nesten umerkeleg utvikle seg til eit mareritt. Og kven er det som får rekninga for miljøøydeleggingane? Den går til  dei næringane som er avhengige av ein rein og velfungerande fjord, til folket langs fjorden, til nasjonen Norge og til framtidige generasjonar – vi bur jo trass alt i Bakvendtland, der ein vedtek først og finn ut av konsekvensane etterpå.  Gruveselskapa har meir enn nok med å halde tritt med svingande råvareprisar.

Verst av alt er det kanskje når ein oppdagar at ein ikkje ein gong kan stole på kunnskapen, sjølve grunnmuren i forvaltninga. Både i Førdefjordsaka og i den liknande saka i Repparfjorden har vi tidlegare opplevd at forskingsrapportane til NIVA har blitt slakta av andre uavhengige forskingsinstitusjonar. No viser det seg at gruvenæringa gjennom truslar om å trekke økonomisk støtte, har fått bestemme at NIVA skal delta i Norges Forskingsråd sitt nye prosjekt NYKOS (Ny kunnskap om sjødeponering). Samtidig har to andre forskingsinstitusjonar blitt pressa ut.

NYKOS-prosjektet er eit femårig forskingsprosjekt til ein verdi av 28 millionar kroner, som allereie har fått sterk kritikk for å vere etablert på gruveindustriens premisser. Næringsminister Monica Mæland har uttalt om prosjektet at det er ”viktig at vi har gode kunnskaper om hvordan sjødeponier kan kombineres med miljøhensyn”. Dette viser den mest grunnleggande mangelen ved prosjektet, at målet er ”betre sjødeponering”, når det som trengs er forsking på alternativa til å dumpe gruveavfallet i sjøen. At industrien no får styre retninga av forskinga i prosjektet svekkar krediabiliteten ytterlegare. 

I staden for å forske på effektane av sjødeponi, som i mange land og institusjonar i praksis er forbode på grunn av dei potensielle miljøeffektane, burde forskingsrådet støtte forsking på alternativ bruk av avgangsmassen. Ved teknologi for minimering og  bruk av avgangsmassen, kombinert med tilbakefylling i gruva under drift, er det mogleg totalt å unngå ytre deponi av gruvemassar.  EU-kommisjonen har teke initativ for å utvikle usynleg gruvedrift utan avfall, men slike initiativ kjem ikkje frå norske styresmakter. Sintef har i 15 år prøvd å få gruveindustrien med på eit større prosjekt om alternativ bruk av avgangsmassen, utan hell. Eit av problema er nemleg at forskingsmiljøa er avhengige av å få næringa med på laget for at prosjekta deira skal få støtte, og så lenge gruveindustrien får lov til å dumpe restmassane i fjordane, endåtil gratis, har dei ingen grunn til å støtte forsking på betre alternativ – moralsk forkasteleg vil mange hevde, men likevel økonomisk forståeleg. At Forskingsrådet, Klima- og miljødepartementet, Miljødirektoratet og Direktoratet for mineralforvaltning fortsetter å la gruveindustrien diktere forskinga på feltet er derimot total ansvarsfråskriving. Vi treng at nokon tek grep. Viss vi ikkje ein gong kan stole på kunnskapen, fell resten av forvaltninga saman.

Lars Haltbrekken og Jorunn Vallestad, Naturvernforbundet.

På trykk i Bergens Tidende 6. oktober 2015