Du er her:

Kronikk:

Best i verda på miljø i gruvedrift?

Regiondirektør i NHO Telemark, Nikolai Boye hadde eit innlegg om gruvedrift i Telemarksavisa 31.12.16 som treng fleire kommentarar, men vi vil konsentrere oss om denne påstanden: Norsk mineralnæring er fremst i verden [...] på miljømessig fotavtrykk.

Vi vil i staden våge påstanden om at Noreg ligg bak mange andre land når det gjeld miljø.  Det kan sjå ut til at ein aksepterer billige løysingar framfor dei som er miljømessig gode, for å lokke til seg utalandske investorar.  Det fremste dømet her er at Noreg er eit av fem land i verda som enno ikkje har stansa dumping av gruveavfall rett i havet, ein ekstremt rimeleg metode framfor å ta hand om restmassen på anna vis.  Noreg er her i selskap med Tyrkia, Indonesia, Chile og Papua New Guinea, mens alle andre europeiske land har slutta med dette.  Tidlegare dumpa både England, Danmark (Grønland), Hellas, Frankrike og Spania gruveavfall i havet.  Også USA og Canada er blant dei mange landa i verda som har slutta med denne miljøskadelege praksisen.

Den norske praksisen vart fordømt av verdas naturvernunion (IUCN), som på verdskongressen sin hausten 2016 bad alle land om å stanse dumping av gruveavfall i havet.  Berre Noreg og Tyrkia røysta mot vedtaket. IUCN ser med dette dumping av gruveavfall som eit av mange alvorlege trugsmål mot eit friskt og artsrikt hav.  Det er her grunn til å minne om at eit friskt og artsrikt hav er sjølve grunnlaget for mat frå havet, som i over tusen år har vore ei av dei økonomiske berebjelkane for Noreg.  Skal dette bli truga av kortsiktig gruvedrift med dårleg miljøstandard?

Det blir gjerne hevda at det er betre å dumpe restmassen i sjøen enn å lagre den på land, men dette er feil problemstilling. Vi vil gjerne bruke Polen som døme.  Polen har innført eit omfattande system med avgifter på uttak og deponi, som gjer det lønsamt å bruke restmasse frå gruver som ressurs til fornuftige formål i staden for å deponere den.  Dette avgiftssystemet har til dømes ført til at det no nesten ikkje blir deponert restmasse frå kopargruvene i Polen.  England har avgift på bruk av ”jomfrueleg masse” frå grustak og steinbrot til bygg og anlegg, mens det er gratis å bruke restmasse/ avfall frå gruver og industri.  Naturvernforbundet har foreslått for Grøn skattekommisjon at ein innfører tilsvarande grøne avgifter (og insentiv) i Noreg, og vi håper at NHO vil stø opp om dette.

Eit anna spørsmål er den omfattande bruken av dagbrot, som mellom anna er planlagd brukt i Engebø ved Førdefjorden.  Dagbrot gir spesielt store sår i naturen og fører til at mykje meir gråberg blir lagt i deponi.  Det hindrar også at ein kan fylle restmasse attende i gruva under drift gjennom sokalla tilbakefyllingsbryting.  I EU har ein teke  konsekvensane av den store motstanden mot dagbrot og deponi, og arbeider no med to målsettingar for miljømessig betre gruvedrift: ”Usynleg gruvedrift”, der ein konsekvent bruker underjordsdrift i staden for dagbrot, og ”Gruver utan avfall”, som omfattar tilbakefylling og alternativ bruk av restmassane.  Vi håper at NHO vil ta initiativ til at Noreg kan stille seg i fremste rekke for denne typen gruvedrift med vesentleg mindre miljøkonsekvensar.

Naturvernforbundet er sjølvsagt ikkje motstandarar av gruvedrift, men vi er sterke motstandarar av gruvedrift med dårleg miljøstandard, og dei viktigaste krava våre er forbod mot dumping av gruveavfall i sjø, at ein skal bruke underjordsdrift i staden for dagbrot der det er teknisk mogleg, og god utnytting av restmassen og bruk av tilbakefylling for å redusere deponibehovet.  

 

Silje Ask Lundberg
Leiar av Naturvernforbundet

Mads Løkeland
Naturvernforbundets gruveutvalg